Beskrivelse
Når lua blir litt for varm, men øyrene framleis treng varme, er pannebandet eit perfekt alternativ. Det passar godt til aktive barn på kjølege dagar – enten det er leik i barnehagen, skulekvardagen eller tur med familien.
Merinoulla gir naturleg varme samtidig som ho pustar og regulerer temperaturen. Det gjer pannebandet behageleg å bruke når aktivitetsnivået aukar og barnet blir varmt.
Den mjuke merinoulla kjennest god mot huda, medan den gjennomarbeidde passforma sørgjer for at pannebandet sit stødig utan å stramme – også når tempoet er høgt.
Refleksauga lyser opp i mørket og gir betre synlegheit, samtidig som dei tilfører ein liten Superkatten-detalj som gjer pannebandet ekstra kjekt å bruke.
Eigenskapar:
• Materiale: Merinoull
• Fluorkarbonfri (PFAS-fritt)
• Lanolinfri
• Refleks
• Vindstoppar ved øyra
• Pustande
• Fukttransporterande
• Temperaturregulerande
• Elastisk passform
• Sit godt under aktivitet
• Onesize til barn
Vask og vedlikehald:
• Vaskast på ullprogram med ullsåpe
• Formast i fasong etter vask
• Tørkast flatt
• Ikkje bruk tørketrommel