Beskrivelse
Polvotten vår har fått ei viktig oppgradering. Me har bytta ut det tidlegare fleecefôret med ullfôr, for å gi små hender endå betre varme og komfort gjennom kalde vinterdagar.
Kvifor ull? Ull har naturlege temperaturregulerande eigenskapar, pustar og held godt på varmen sjølv om ho blir fuktig. Det er spesielt nyttig for små hender som vekslar mellom full fart i snøen og rolegare stunder ute.
Votten er mjuk og behageleg på innsida, med ei passform som gir god bevegelighet og er enkel å få på små hender. Ytterstoffet er laga i slitesterk Oxford polyester som toler aktiv vinterleik.
Utsida er behandla med Bionic Finish® Eco, som gir ein vassavvisande effekt når barnet leikar i snø og vintervêr. For å bevare den vassavvisande effekten over tid anbefaler me å etterimpregnere ved behov.
Ein god vintervott til barnehage, skule, trilletur og leik ute – no med dei naturlege fordelane frå ull på innsida.
Eigenskapar:
• Ytterstoff: 100 % Oxford polyester
• Fôr: Ull
• Varm og mjuk
• Ull held godt på varmen også når ho blir fuktig
• Pustande og temperaturregulerande ullfôr
• Slitesterkt ytterstoff
• Vassavvisande overflate
• Komfortabel passform
• Enkel å ta på
• Fluorkarbonfri
• Bionic Finish® Eco – fluorfri impregnering
• OEKO-TEX Standard 100
Vask og vedlikehald:
• Vaskast på 40 °C
• Ikkje bruk tøymjuknar
• Tørkast hengande
• Ikkje bruk tørketrommel
• Etterimpregner ved behov for å bevare den vassavvisande effekten