Beskrivelse
Endeleg er den populære tjukkulla vår tilbake på lager, denne har me hatt heilt sidan oppstarten i 2013 og det er ein stor favoritt. Ulla held seg like fin vask etter vask, me har ikkje hatt nokre problem med nupping. I gjenbruksavdelinga vår på Stord får me ofte inn dressar, jakker og bukser som har vært brukt av mange barn og er like fin.
Ulla er perfekt å som både mellomlag og som inneplagg både heime og i barnehagen!
Den er god i størrelsen, så me anbefaler å halde seg til den størrelsen ein bruker.
Husk at denne må vaskast på ullprogram, 30 grader.
Kvalitet: 100% merinoull