Vinddress Baby 1462-Marine-86

1.199 kr

Valgt farge: Marine

Valgt storleik:

Alle barna har på str. 86. Gutt i farge Marine måler 87 cm, gutt i farge Lys Bark 89 cm, gutt i farge Blå Horisont 95 cm, jenta måler 84 cm. Dressen oppleves litt stor i størrelsen. Tips! Me har også Vinddress til barn str.98-128.

Beskrivelse

 
Lett og vindtett vinddress til baby – perfekt for skiftande vêr.
Pustande og vannavvisande kvalitet som held barnet komfortabelt ute, sjølv når vêret snur.

Her er baby vinddress for kolleksjon "Superkatten - 2026". Her kan dei minste utforske verda ute – i eit lett plagg som gir rom for bevegelse og små eventyr.

Dressen er laga i resirkulert Oxford polyester med vindtette eigenskapar som skjermer barnet godt mot vind og ruskevêr. Samtidig er materialet pustande, slik at barnet held seg komfortabelt – også når aktivitetsnivået aukar.

Kvaliteten er vannavvisande med teipa saumar og ein vannsøyle på opptil 12 000 mm. Det betyr at plagget toler lett til moderat regn, men vil gradvis sleppe gjennom vatn ved langvarig bruk eller etter mykje vask. Ein kan enkelt friske opp impregneringa for å bevare den vannavvisande effekten over tid.

Dette gjer vinddressen til eit perfekt val i overgangsperiodar – når barnet treng beskyttelse mot vêret, men ikkje full regndress.

Frå baby til barn 
Me tilbyr same type vinddress heilt frå baby i storleik 68 og opp til barn i storleik 128. Babyvarianten kjem i leikne mønster og er tilpassa dei aller minste, medan barnedressen er forsterka på kne og sete – klar for meir aktiv bruk og tøffare leik. Sjå barnedressen her.

Dressen har fleire praktiske detaljar for kvardagsbruk. Ei brystlomme gir plass til små skattar, medan refleksar på armar, hette og rygg gjer barnet meir synleg ute. Hetta er både avtakbar og regulerbar, og fungerer som ei sikkerheitshette som løyser seg ut om barnet skulle henge seg fast i leik.

Eigenskapar:
• Materiale: Resirkulert Oxford Polyester
• Vindtett
• Vannavvisande (12 000 synkande vannsøyle)
• Avtagbar hette
• Teipa saumar
• Refleks på armar, hette og rygg
• Praktisk lomme på brystet

Produktmål for valgt størrelse

  • Armlengde: 48 cm fra midten av nakken til kanten av ermet
  • Rygglengde: 51 cm målt loddrett fra midten av nakken til plaggets nedre kant
  • Beinlengde: 33 cm målt fra kryssømmen i skrittet til kanten nederst på buksa
  • Midjevidde: 68 cm rundt midja på plagget utstrekt

Sjå produktdemo