Vinterdress Junior PAR-1225-BLACK-100-134

1,799 kr

Valgt farge: Jord

Valgt storleik:

Beskrivelse

Når vinteren kjem med våt snø, kalde morgonar og lange dagar ute, er det godt med ein dress som berre fungerer. Vinterdress Junior Snø er laga for større barn som vil bevege seg fritt og halde seg varme og tørre gjennom vinterdagen.

Dressen har eit stilreint uttrykk, samtidig som han har dei praktiske funksjonane ein god vinterdress skal ha. 140 g vattering gir god varme på kalde dagar, medan den pustande kvaliteten slepp ut overskotsvarme når aktivitetsnivået aukar.

Ytterstoffet er laga i slitesterk nylon med 12 000 mm vannsøyle, vindtett kvalitet og teipa saumar. Det gir god beskyttelse når vinteren byr på våt snø og ruskevêr. Snøstopp i ermene bidreg til å halde snø og kald luft ute, medan slitesterke fotstrikkar held dressen godt på plass over støvlane. Refleksdetaljar gir betre synlegheit på mørke vinterdagar. Hetta er både avtakbar og regulerbar, og fungerer som ei sikkerheitshette som løyser seg ut om barnet skulle henge seg fast i leik.

Ein varm og funksjonell vinterdress for juniorar som framleis vil vere ute – enten dagen byr på skuleveg, friminutt, aking eller vinterleik.


Egenskapar:
• Materiale: 100 % nylon
• Slitestyrke: 80 000 syklusar Martindale
• Vannsøyle: 12 000 mm
• Pustande (minst 5000 g/m²/24 t)
• 140 g vattering
• Vindtett
• Snøstopp i ermene
• Slitesterke fotstrikkar
• Refleksdetaljar
• Avtagbar og regulerbar sikkerheitshette
• Fluorkarbonfri

Vask og vedlikehald:
• Vaskast på 40 °C
• Ikkje bruk tøymjuknar
• Tørkar raskt når dressen blir vrengd etter vask og hengd opp