Regnsett Plask Superhelt 1450-Superrosa-98

1.499 kr

Valgt farge: Superrosa

Valgt storleik:

Tips! Bli ein ekte Superkatt og kjøp heile pakken med Sydvest Superhelt, Regnvott Superhelt og dei stilige Dock Boot Superkatten.

Beskrivelse

Limited Edition regnsett med superheltkappe – toppmodellen for små superheltar i full fart. Slitesterk PU, børsta innside og perfekt for leik i øs pøs vêr. Sjå kor stilig!

Her snakkar me ekte superheltutstyr. Regnsett Plask Superhelt er toppmodellen vår – no i ein Limited Edition med superheltkappe inkludert. Klar for oppdrag i barnehagen, på leikeplassen og i alle regnpytter langs vegen 💥

Dette er settet for barn som vil sleppe fantasien laus og vere superhelt i sin eigen kvardag. Match med Regnvott Superhelt, Sydvest Superhelt og Dock Boot Superkatten – så er antrekket komplett frå topp til tå.

Ein del av Superkatten-universet 💥
I kolleksjonen Superkatten 2026 møter du små kvardagsheltar på superheltoppdrag. Inspirert av diktet «Ein superhelt», handlar kolleksjonen om leik, fart og fantasi i kvardagen. Her får barna springe, fly og utforske i regnet – med kappe på ryggen og superkrefter i kvart steg.

Både jakke og bukse er laga i slitesterk PU (Polyuretan Ekstrem) med børsta innside som gir ekstra luning og komfort. Sveisa saumar sørgjer for at vatnet held seg ute – sjølv når det øser og pøser.

Eit todelt regnsett gir stor fleksibilitet i kvardagen. På mildare dagar kan barnet bruke jakka aleine, eller berre buksa når det er vått i graset og perfekt for plasking. Buksa har justerbare selar som gjer det enkelt å tilpasse passforma etter barnet – og gir lengre levetid etter kvart som barnet veks.

Settet er fullt av gjennomtenkte detaljar. Vannstopparar på armar og bein hindrar vatn i å trekke inn, medan slitesterke strikkar under foten held buksa godt på plass over støvlane. Jakka har mjuk fleece på innsida av kragen for ekstra komfort, og refleksar på jakke og bukse gjer barnet godt synleg ute.

Hetta er både avtakbar og regulerbar, og fungerer som ei sikkerheitshette som løyser seg ut om barnet skulle henge seg fast i leik.

Den medfølgande superheltkappa er festa under hetta med trykknappar, og er enkel å ta av og på. Ho er designa slik at ho også løyser seg ut om ho skulle hekte seg fast – slik at leiken kan vere både fri og trygg.

Regnsettet er romsleg i storleik – vel den storleiken som ligg nærast barnet si høgd for best passform og bevegelsesfrihet.

Her får du ikkje berre eit regnsett – du får eit antrekk som inviterer til leik, fart og ekte regnglede.

Eigenskapar:
• Materiale: Polyuretan Ekstrem (PU)
• Vannsøyle: 100% vanntett
• Ekstrem slitestyrke >80.000 Martindale (>9 kg trykk)
• Inkludert superheltkappe festa under hetta
• Vindtett
• Børsta innside
• Sveisa saumar
• Vannstoppar i armar og bein
• Slitesterke strikkar under foten
• Refleks på armar og bein
• Avtakbar hette (sikkerheitshette)
• OEKO-TEX Standard 100

OEKO-TEX STANDARD 100

Dette produktet har sertifiseringa OEKO-TEX STANDARD 100, som vil seie at det er heilt fritt for kjemikaliar som er skadeleg for menneske, dyr og natur.

Oeko-Tex Logo

Produktmål for valgt størrelse

Jakke str. 98

  • Armlengde: 51 cm fra midten av nakken til kanten av ermet
  • Rygglengde: 45 cm målt loddrett fra midten av nakken til plaggets nedre kant
  • Brystvidde: 82 cm i omkrets rundt brystet
  • Midjevidde: 82 cm rundt midja på plagget utstrekt

Bukse str. 98

  • Hoftebredde: 76 cm målt når plagget ligg flatt, fra hoftekant til hoftekant
  • Indre beinlengde: 42 cm målt fra kryssømmen i skrittet til kanten nederst på buksa