Lanseres i veke 8!
Meld deg på nyhetsbrevet her, så får du epost når sydvesten er tilgjengeleg for kjøp. Tips! Bli ein ekte Superkatt – kjøp heile pakken med Plask Regnsett Superhelt , Regnvott Superhelt og dei stilige Dock Boot Superhelt.
Beskrivelse
Nyheit! Sydvest Superhelt kolleksjon «Superkatten 2026» - med eigne katteauge i refleks.
Kjem for salg i løpet av februar.
Når regnet øser ned og oppdraga ventar, treng små superheltar rett utstyr. Sydvest Superhelt frå kolleksjonen Superkatten 2026 matchar perfekt til Regnsett Plask Superhelt – og toppar det heile med noko heilt spesielt: katteauge i refleks som lyser i mørket.
Refleksauga gjer at små superheltar blir ekstra godt synlege langs vegen – både i tussmørke morgonar og på regntunge ettermiddagar. Praktisk for vaksne, og heilt magisk for barn som elskar superheltar.
Sydvesten er laga i mjuk PU knit, med fleecefôr og øyreklaffar som held hovudet varmt og godt. Den fungerer som eit lite tak i regnet – skjermer ansiktet når det øser og pøser, og let leiken halde fram, uansett vêr.
Her kan små superheltar springe, sykle, balansere på kantsteinar og redde dagen – tørre, varme og godt synlege heile vegen.
Vanntett – la det øs-pøse ned.
Eigenskapar:
• Materiale: Polyuretan (PU knit)
• Vindtett
• Vanntett (10 000 vannsøyle)
• Sveisa saumar
• Fleecefôr
• Øyreklaffar
• Refleksauge som lyser i mørket
• Oeko-Tex 100